Tysdag, ein flott solskinsdag i april var det duka for rollebryllaup på Bildøy. Øyvind i T1 klassen skulle gifte seg med Brynhild i musikk klassen, og då måtte sjølvsagt alle prominente kome!
Det kom besøk frå både fjern og nær. Marit og Irene hadde funne fram, sidan dei likevel var på Sotra, en sjalu x-kjæreste, Lisa Børud, Kurt Nilsen, tre raske menn, vaktmesteren og Spice Girls var nokon av gjestane som glitra med sitt frammøte.
Klokka fem tok vielsen til, og dei blei blei då gift tilslutt.. "Flaks", kan ein seia, for enkelt var det ikkje då det kom høglytte protestar frå salen.. Kven var så uhøffelege å forstyrre i dette ekteparets lukke? Jo, det var brudens mor og brudgommens sjalue x-kjæreste!
Etter vielsen så var det mat. Kvar spelte sine roller, og det var kjempe kjekt! Ein i "tre raske menn" dunka hovudet sitt rett i bordet, og CSI kom til unnsettning.. Og etterforska saken, klart, mens Marit og Irene kom med kvar sin gitar og sang "Det er makt i de foldede hender"... Og det funka, for frisk blei han!Elles var det taler og opptreden av spice girls, tre raske menn, Lisa Børud og yo-dude hadde også opptreden. Det var utrulig bra! Og tilslutt fekk vi kaffi og nydeleg kake! Det vart ein heilt fantastisk kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar