søndag 4. mai 2008

Beachparty!

Torsdag kl.10 satte T1 gjengen i gong å ordna til beachparty for dei andre klassene. Dette hadde vi planlagt ei god stund, så no skulle det setjast i live! Nestekjærleiken er på topp!

Utebord og stolar skulle vaskast og setjast på plass, kulisser skulle opp, bakgrunnsbilde med strand og vatn skulle opp, baren måtte på plass, spel, massasjebenk osv.. Her skulle det ikkje sparast på noko! Badminton nettet, bowlingbana og sumarsongane var på plass. Det begynte å ta form, då sjøen og steinane var på plass saman med varmen og lyskastarane måtte vi sei oss klare til eit heidundrande show!

Klokka fire kom spente elevar på plass, og dei hadde fått i oppgåve å kome i sumarklede (det regna ute), så humøret var på topp. Straks tok solinga igong og solkremen måtte på, saman med "hula-hula" kransen. Så fekk vi is med sjokoladesaus i baren og saft. Folk hadde det utruleg kjekt! Vi hadde også leikar. Marsmallows leiken (om å gjere å få mest i munnen), og "Hvor er Monica og Lillian". Det er ein leik der Monica og Lillian gøymer seg og folk skal gjette kvar på bilete dei er.

Ellers gjekk praten, og massasjebenken var populær. Tilslutt såg vi Madagaskar på storskjerm. Ein utruleg suksee frå T1 si side! Dagen etter venta "Ukens smil" og vi må seia at å sjå så mange smilande fjes på fem timars arbeid, var det verdt det.

Ingen kommentarer: